Villrein

Aurland statsallmenning er ein del av Nordfjella villreinområde, som normalt skal ha ei vinterstamme på 2000-2500 dyr. Grunna oppdaginga av skrantesjuke, eller CWD, på rein i sone 1, vart alle dyr i denne delen av Nordfjella skotne ut vinteren 2017-18. Den attverande delen av bestanden held til i sone 2, mellom Bergensbana og fv. 50 (Aurland - Hol). Ved minimumsteljinga i mars 2020 vart det talt 435 dyr i dette området. Jakta varer til vanleg frå 20. august til 20. september, men det kan gjerast årlege vedtak om endringar i denne. Søknadsfristen til fjellstyret om fellingsløyve for rein er 1. juni. Fjellstyret prioriterer innanbygdsbuande søkjarar på jaktkort. Trekkingslista vert lagd ut på denne sida, i tillegg til kunngjering gjennom oppslag fleire stader i kommunen. 

Oversikt over statsallmenningen i Aurland og grenser for jaktfelta finn ein på valdkart for Nordfjella villreinområde. Statsallmenningen er vald nr. 401, 402 og 451 på kartet. Papirversjon av kartet kan du få tilsendt ved å kontakta fjellstyret, pris kr. 100,- + porto.

Hjort og elg

Fjellstyret har delt valdet i to jaktfelt; eit nedre og eit øvre felt. 
Fjellstyret har vedteke eigne retningsliner for elg- og hjortejakta – sjå Retningsliner for elg og hjortejakt i Aurland statsallmenning. Bestandsplan for hjort er vedteken av kommunen, sjå bestandsplan her

Les meir om  Aurland fjellstyre

 

Jaktfelt nr. 1

Jaktfelt nr. 1 (nedre) vert utleigd for 2 år (2024-25). Her stiller innanbygds- og utanbygdsbuande jaktlag likt ved tildelinga. Tildeling av jakt skjer lokalt, ved at søknad vert send til Aurland fjellstyre innan 30. april, og fjellstyret trekkjer mellom dei som har søkt. Det må vera minimum 4 jegerar på jaktlaget som søkjer.

Jaktfeltet ligg langs fjorden ca. 3 mil vest for Aurlandsvangen. Det strekkjer seg frå Merkesgrovi på grensa til Lærdal Kommune og ca 6 km. innover fjorden. Nordover blir feltet avgrensa av høgdekoten som går 600 m.o.h.

Med dagens kvotar disponerer dette jaktfeltet fellingsløyve på omlag 6 vaksne dyr + kalv. Det er ikkje eit krav at jaktlaget disponerer eigen ettersøkshund, men laget må sjølv syta for avtale med godkjent ekvipasje. Jaktperiode 1.9. – 31.10.

Dette er eit til dels svært bratt og utilgjengeleg jaktterreng, men det har vist seg å vera eit godt terreng med bra felling, år om anna. Bestanden av hjort i valdet er bra, og kondisjonen på dyra er tilfredsstillande. Jaktlaget må sjølve disponera båt på fjorden for å koma seg ut til jaktfeltet, eller leiga seg båtskyss. Det er bygt kai, og godt tilrettelagt for fortøying av båt.

Det ligg ei gammal tømmerkoie midt i jaktfeltet, 365 m.o.h., der er det mogleg å overnatta. Denne hytta har ein svært enkel standard. Det same gjeld ei mindre hytte nede ved fjorden. Alternativt kan ein leiga seg inn i overnattingsverksemder i Aurland, og nytta båt til og frå.

 

Jaktfelt nr. 2

Dette øvre feltet vert utleigd for 4 år (2024 – 2027) til Aurland jakt- og fiskelag, som står for vidare administrasjon, utlysing og trekking. Feltet omfattar den delen av Aurland nordre statsallmenning som ligg ovanfor høgdekote 600. Med dagens kvotar disponerer feltet om lag 13 fellingsløyve for hjort, i tillegg til elgløyve.

Innanbygdsbuande søkjarar vert prioriterte i dette jaktfeltet. Jaktlaget vert samansett av dei einskildsøkjarane som vert tildelte jakt ved trekking.

Søknad kan sendast innan 15. mai til Aurland jakt- og fiskelag, jaktutvalet v/Kjell Hov, 5743 Flåm. Spørsmål om jakta kan rettast til Kjell Hov, tlf. 57 63 22 95.

Dagskort for hjortejakt

Fjellstyret innfører ei ordning med sal av dagskort for hjortejakt i Nordheimsdalen. Sjå meir om dette i prosedyre for sal av dagskort for hjortejakt i Nordheimsdalen.