Fiske i Aurland
Det er 150 fiskevatn på over 20 dekar i allmenningen, og mange kilometer med elvestrekning. Fiske er aktuelt frå tidleg i juni, då vatna langs fv. 50 vert isfrie. Dei høgstliggjande vatna vert ofte isfrie først i slutten av juli. Det er ikkje fastsett noko fredingstid om hausten. Isfiske kan vera aktuelt i nokre vatn. Aure er einaste fiskeart – i mange vatn utsett fisk frå fiskeanlegget i Aurland (Aurland Setjefisk SA). Vanleg storleik på fisken er 0,3 – 0,8 kg, men det vert og teke fisk på over kiloen. Innanbygdsbuande kan få kjøpt sesongkort for garnfiske. I nokre vatn er det tilbod om garnfiske for utanbygdsbuande.