Småviltjakt

I 2023 vert det jaktstart 25. september, med jakt på rype fram til jul. Tal ryper som kvar jeger kan fella per dag er sett til 2. Kortsalet på Inatur.no vert opna den 1. september. Fjellstyret tilbyr og jaktkort for hare etter jul, fram til utgangen av februar.

Det er fjellrypa som er det vanlegaste småviltet i allmenningen, sidan det meste av arealet ligg langt over skoggrensa. Ein del hare finst, og litt lirype i lågareliggjande område. Elles kan smårovvilt som rev, røyskatt, ramn og kråke fellast på småviltjaktkortet (også utanom jakttida for rype/hare, men då på eit eige smårovviltkort).  Meir informasjon om småviltjakta finn du i retningsliner småviltjakt. Hugs innsending av fellingsrapport etter avslutta jakt, anten det vart felt vilt eller ikkje! Fyll ut fellingsstatistikk på kortet og returner dette, eller rapporter gjennom inatur.no. Rapport kan og sendast til fjellstyret som e-post.

Oversikt over statsallmenningen i Aurland og grenser for jaktområdet finn ein på valdkart for Nordfjella villreinområde. Statsallmenningen er vald nr. 401, 402 og 451 på dette kartet. Papirversjon av kartet kan du få tilsendt ved å kontakta fjellstyret, pris kr. 100,-.
Statsallmenningsgrensa er avmerkt på alle turkart frå Statens Kartverk.

 


Salsstader for jaktkort

Småviltkortet for Aurland statsallmenning får ein kjøpt gjennom inatur.no. Innanbygdsbuande får og kjøpt jaktkort på fjellstyrekontoret (ope kvar torsdag kl. 12.00-17.00).

Prisar jaktkort