Ho Anne Berit fann skrinet!

Fem dagar etter at skrinet med fjellstyret si jubileumsgåve - eit treskrin med eit fiskekort som varer i 100 år - var lagt ut, vart det funne i Stemmerdalen sist tysdag. Finnaren var Anne Berit Borlaug frå Aurland. Saman med mannen, Olav Borlaug, er ho ofte på fisketurar i fjellvatna. Ho fortel at dei var ute på fisketur kombinert med leiting etter skrinet sist søndag. Då vart det fisk, men ikkje funne noko skrin. Dei slo seg ikkje til ro med det, og reiste til fjells att eit par dagar seinare. Fiskelukka var dårlegare denne dagen, men etter mykje trasking og leiting fann ho skrinet! Ho Anne Berit er over gjennomsnittet fiskeinteressert, og kjem garantert til å nytta seg av fiskekortet.

Aurland Fjellstyre